Mathias Brekke Mandelid, Kristian Abelsen, Petter Erik Leirhaug
{"title":"Vurdering i kroppsøving for livslang friluftslivsglede","authors":"Mathias Brekke Mandelid, Kristian Abelsen, Petter Erik Leirhaug","doi":"10.5617/adno.8351","DOIUrl":null,"url":null,"abstract":"Friluftsliv og vurdering i kroppsøving står fram som utfordrande å innfri etter Læreplan for Kunnskapsløftet 2006 sine intensjonar. Denne studien undersøker korleis fem lærarar beskriv vurderingsarbeid etter å ha gjennomført 12 timar friluftslivsundervisning i kroppsøving på Vg1. Lærarane deltok i eit aksjonsforskingsprosjekt og vart intervjua i etterkant av friluftslivsundervisninga. Studien syner at det ikkje er automatikk i at lærarar med kompetanse i friluftsliv og god forståing for læreplan og vurdering, operasjonaliserer og legg til rette for å integrere vurdering som del av friluftslivsundervisninga i kroppsøving. Lærarane har vektlagt sosial kompetanse og samarbeid i undervisninga og ser dette som grunnleggande for å skape gode naturopplevingar for elevane. Det kjem fram korleis friluftsliv med eit slikt innhald balanserer ein dominerande idretts- og prestasjonsorientert kroppsøvingspraksis og kan bidra til endring. Kva gjeld vurdering synast lærarane meir usikre, både på korleis og i kva grad dei skal vurdere elevane i friluftsliv. Dei søker ny forståing og formative tilnærmingar, men omtalen av gjennomført vurderingsarbeid er prega av tradisjonelle tankemønster omkring vurdering. Funn syner eit behov for å gå opp nye stigar i skulen sitt læringslandskap for friluftsliv, både kva gjeld vurdering og korleis skape verdifullt friluftsliv i kontekst av kroppsøving.","PeriodicalId":33721,"journal":{"name":"Acta Didactica Norden","volume":null,"pages":null},"PeriodicalIF":0.0000,"publicationDate":"2022-11-10","publicationTypes":"Journal Article","fieldsOfStudy":null,"isOpenAccess":false,"openAccessPdf":"","citationCount":"1","resultStr":null,"platform":"Semanticscholar","paperid":null,"PeriodicalName":"Acta Didactica Norden","FirstCategoryId":"1085","ListUrlMain":"https://doi.org/10.5617/adno.8351","RegionNum":0,"RegionCategory":null,"ArticlePicture":[],"TitleCN":null,"AbstractTextCN":null,"PMCID":null,"EPubDate":"","PubModel":"","JCR":"Q4","JCRName":"Social Sciences","Score":null,"Total":0}
引用次数: 1
Abstract
Friluftsliv og vurdering i kroppsøving står fram som utfordrande å innfri etter Læreplan for Kunnskapsløftet 2006 sine intensjonar. Denne studien undersøker korleis fem lærarar beskriv vurderingsarbeid etter å ha gjennomført 12 timar friluftslivsundervisning i kroppsøving på Vg1. Lærarane deltok i eit aksjonsforskingsprosjekt og vart intervjua i etterkant av friluftslivsundervisninga. Studien syner at det ikkje er automatikk i at lærarar med kompetanse i friluftsliv og god forståing for læreplan og vurdering, operasjonaliserer og legg til rette for å integrere vurdering som del av friluftslivsundervisninga i kroppsøving. Lærarane har vektlagt sosial kompetanse og samarbeid i undervisninga og ser dette som grunnleggande for å skape gode naturopplevingar for elevane. Det kjem fram korleis friluftsliv med eit slikt innhald balanserer ein dominerande idretts- og prestasjonsorientert kroppsøvingspraksis og kan bidra til endring. Kva gjeld vurdering synast lærarane meir usikre, både på korleis og i kva grad dei skal vurdere elevane i friluftsliv. Dei søker ny forståing og formative tilnærmingar, men omtalen av gjennomført vurderingsarbeid er prega av tradisjonelle tankemønster omkring vurdering. Funn syner eit behov for å gå opp nye stigar i skulen sitt læringslandskap for friluftsliv, både kva gjeld vurdering og korleis skape verdifullt friluftsliv i kontekst av kroppsøving.