{"title":"Elevar sine opplevingar og bruk av ferdigheiter i samfunnskunnskap","authors":"Tom Eide","doi":"10.5617/adno.9226","DOIUrl":null,"url":null,"abstract":"Ferdigheiter i samfunnskunnskapsemne skal setje elevar i stand til å delta i samfunnet på like vilkår, men vi veit lite om korleis dette skjer i praksis. For å skaffe meir inngåande kunnskap om ulikskap i ferdigheitstileigning har eg med inspirasjon frå Bourdieu (1985, 1977) sitt teoritilfang om sosial klasse og kulturell kapital og Barton (2015) intervjua elevar om fem undervisingssituasjonar eg har observert dei i. To oppgåvetypar viste seg særleg relevante for å få fram ferdigheiter: klasseromsdiskusjonar og drøftingsoppgåver. Problemstillinga er: Har elevar med ulik sosial klassebakgrunn ulik oppleving og verdsetjing av samfunnsfaglege ferdigheiter?\nMiddelklasseelevar sine opplevingar av ferdigheiter til å skrive drøftingsoppgåver verka meir prosessorienterte ved at drøfting handla om å utforske ulike sider av ei sak. Samanlikna var arbeidarklasseelevane meir resultatorienterte og opptatte av å skrive korrekt faktainnhald. Når det kom til klasseromsdiskusjonar, opplevde middelklasseelevane desse som interessante der deltaking handla om å utforske og lære i samtale med andre. Samanlikna opplevde arbeidarklasseelevane oftare deltaking som stressande, og om å presentere rett svar. Desse skilja blir relaterte til kunnskapskulturelle forventingar om danning som i hovudsak middelklasseelevane oppfattar. I tillegg fortel middelklasseelevane at dei får betre karakterar enn arbeidarklasseelevane som fokuserer på fullføring av skulefaget. I tråd med Bourdieu og Passeron (1990) fortel middelklasseelevane om korleis dei lærer ferdigheiter heime, og verkar ha ein meir omfattande læringsprosess enn arbeidarklasseelevane.\nVidare forsking bør tydeleggjere kva ferdigheiter er og utvikle undervisinga for studie-, yrkes- og samfunnsdeltaking.","PeriodicalId":33721,"journal":{"name":"Acta Didactica Norden","volume":" ","pages":""},"PeriodicalIF":0.0000,"publicationDate":"2023-05-22","publicationTypes":"Journal Article","fieldsOfStudy":null,"isOpenAccess":false,"openAccessPdf":"","citationCount":"0","resultStr":null,"platform":"Semanticscholar","paperid":null,"PeriodicalName":"Acta Didactica Norden","FirstCategoryId":"1085","ListUrlMain":"https://doi.org/10.5617/adno.9226","RegionNum":0,"RegionCategory":null,"ArticlePicture":[],"TitleCN":null,"AbstractTextCN":null,"PMCID":null,"EPubDate":"","PubModel":"","JCR":"Q4","JCRName":"Social Sciences","Score":null,"Total":0}
引用次数: 0
Abstract
Ferdigheiter i samfunnskunnskapsemne skal setje elevar i stand til å delta i samfunnet på like vilkår, men vi veit lite om korleis dette skjer i praksis. For å skaffe meir inngåande kunnskap om ulikskap i ferdigheitstileigning har eg med inspirasjon frå Bourdieu (1985, 1977) sitt teoritilfang om sosial klasse og kulturell kapital og Barton (2015) intervjua elevar om fem undervisingssituasjonar eg har observert dei i. To oppgåvetypar viste seg særleg relevante for å få fram ferdigheiter: klasseromsdiskusjonar og drøftingsoppgåver. Problemstillinga er: Har elevar med ulik sosial klassebakgrunn ulik oppleving og verdsetjing av samfunnsfaglege ferdigheiter?
Middelklasseelevar sine opplevingar av ferdigheiter til å skrive drøftingsoppgåver verka meir prosessorienterte ved at drøfting handla om å utforske ulike sider av ei sak. Samanlikna var arbeidarklasseelevane meir resultatorienterte og opptatte av å skrive korrekt faktainnhald. Når det kom til klasseromsdiskusjonar, opplevde middelklasseelevane desse som interessante der deltaking handla om å utforske og lære i samtale med andre. Samanlikna opplevde arbeidarklasseelevane oftare deltaking som stressande, og om å presentere rett svar. Desse skilja blir relaterte til kunnskapskulturelle forventingar om danning som i hovudsak middelklasseelevane oppfattar. I tillegg fortel middelklasseelevane at dei får betre karakterar enn arbeidarklasseelevane som fokuserer på fullføring av skulefaget. I tråd med Bourdieu og Passeron (1990) fortel middelklasseelevane om korleis dei lærer ferdigheiter heime, og verkar ha ein meir omfattande læringsprosess enn arbeidarklasseelevane.
Vidare forsking bør tydeleggjere kva ferdigheiter er og utvikle undervisinga for studie-, yrkes- og samfunnsdeltaking.