{"title":"Mellom historiske lærdomar og historisk tenking","authors":"Vidar Fagerheim Kalsås","doi":"10.5617/adno.9096","DOIUrl":null,"url":null,"abstract":"Læreplanrevideringa Kunnskapsløftet 2020 i norsk skule bringa med seg ein debatt om kva plass holocaust skal ha i skulen, og kva lærdomar den oppveksande generasjonen kan og bør få om dette temaet. I denne artikkelen undersøker eg korleis samfunnsfag- og historielærarar i norsk skule underviser om dette temaet. Det empiriske materialet består av 11 intervju med lærarar om deira praksis og refleksjonar kring undervisningsemnet holocaust. Analysar av dette materialet viser at lærarane utformar ei undervisning som er retta inn mot å formidle lærdomar mot rasisme og folkemord og for verdien av menneskeverd og demokrati. Dette samsvarer med funn i studiar frå andre nasjonale kontekstar (Lange, 2008; Andrews, 2009). Samstundes viser også materialet at lærarar forsøker å utfordre elevane til å tenke historisk om årsakene bak holocaust og til å granske kjelder som kan kaste ljos over hendinga. Dette indikerer at mål om normative lærdomar og utvikling av faglege ferdigheiter ikkje utgjer motsetningar som ikkje kan sameinast, men at dei inngår i eit samspel der mål om lærdomar formar kva historiefaglege tenke- og arbeidsmåtar som blir vurderte som relevante i klasserommet.","PeriodicalId":33721,"journal":{"name":"Acta Didactica Norden","volume":" ","pages":""},"PeriodicalIF":0.0000,"publicationDate":"2022-12-05","publicationTypes":"Journal Article","fieldsOfStudy":null,"isOpenAccess":false,"openAccessPdf":"","citationCount":"0","resultStr":null,"platform":"Semanticscholar","paperid":null,"PeriodicalName":"Acta Didactica Norden","FirstCategoryId":"1085","ListUrlMain":"https://doi.org/10.5617/adno.9096","RegionNum":0,"RegionCategory":null,"ArticlePicture":[],"TitleCN":null,"AbstractTextCN":null,"PMCID":null,"EPubDate":"","PubModel":"","JCR":"Q4","JCRName":"Social Sciences","Score":null,"Total":0}
Læreplanrevideringa Kunnskapsløftet 2020 i norsk skule bringa med seg ein debatt om kva plass holocaust skal ha i skulen, og kva lærdomar den oppveksande generasjonen kan og bør få om dette temaet. I denne artikkelen undersøker eg korleis samfunnsfag- og historielærarar i norsk skule underviser om dette temaet. Det empiriske materialet består av 11 intervju med lærarar om deira praksis og refleksjonar kring undervisningsemnet holocaust. Analysar av dette materialet viser at lærarane utformar ei undervisning som er retta inn mot å formidle lærdomar mot rasisme og folkemord og for verdien av menneskeverd og demokrati. Dette samsvarer med funn i studiar frå andre nasjonale kontekstar (Lange, 2008; Andrews, 2009). Samstundes viser også materialet at lærarar forsøker å utfordre elevane til å tenke historisk om årsakene bak holocaust og til å granske kjelder som kan kaste ljos over hendinga. Dette indikerer at mål om normative lærdomar og utvikling av faglege ferdigheiter ikkje utgjer motsetningar som ikkje kan sameinast, men at dei inngår i eit samspel der mål om lærdomar formar kva historiefaglege tenke- og arbeidsmåtar som blir vurderte som relevante i klasserommet.